Sel skule oversiktsbilde
Skole og utdanning / Skoler i Sel / Sel skule / Reglement / Ordensreglement /  Ordningar og reglar ved Sel skule
A A A
Svart på hvitt - normalt Gult på svart - invertert Svart på gult

Ordningar og reglar ved Sel skule

 

ORDENSREGLEMENT FOR SEL SKULE
 
Skulane i Sel pliktar å følgje opplæringslova.
 
·         Sel skule skal vere fri for mobbing og krenkjande åtferd.
 
·         Sel skule skal vere ein stad der alle har eit godt læringsmiljø og
kjenner seg trygge.
 
Sel skule har denne visjonen:   "Rom for alle – blikk for den enkelte"
 
 
1.    Sel skule skal vere ein stad der både ungar og vaksne trivst. Vi er omsynsfulle, hjelpsame og vennlege mot alle på skulen. Alle respekterer STOPP-regelen.
 
2.    Alle har rett til arbeidsro i timane. Vi har ei innestemme.
 
3.    Vi skal vere ute i friminutta når ikkje anna er sagt. Når det er kaldare enn -15 C, kan elevane vere inne. Alle er ute og luftar seg det siste kvarteret av matfri. 
 
4.    I skuletida skal vi halde oss innafor skuleområdet om ikkje anna er avtalt. Vi leikar ikkje på parkeringsplassen for bilar og syklar. Vi kastar snøball mot blinkane  på/ved området nord for skulen.
                Fotball:
                Bana med dei små måla sør for skulen, er for elevane i 1. – 4. klasse.
                Elevane i storskulen brukar bana nord for skulen.
                Vi bruker ballbingen etter oppsett plan.
                Handballbana:         1. prioritet: Handball.     2. prioritet: Slåball.     3. prioritet: Anna.
 
5.    Det er ikkje lov å ha med mobiltelefon på skulen.
 
6.    Ta vare på skulesakene, både bøker og utstyr til aktivitetar i friminutta. Blir noko øydelagt, kan det føre til erstatningsansvar.
 
7.    Når elevane har med eigne leiker/utstyr til bruk i friminutta, skjer det på eige      ansvar.
 
8.    Når vi syklar til skulen, set vi syklane i sykkelstativet. Syklane skal ikkje brukast inne på skuleplassen.
       ALLE BØR BRUKE HJELM.
 
9.    Etter fråvær må du ha med skriftlig melding frå heime. Planlagt fråvær må godkjennast og vere avtala på førehand.
 
 
10. Når ein elev/elevar bryt ordensreglane fører det til:
 
            Tiltale frå vakt/kontaktlærar.
            Dersom dette ikkje set ein stoppar for handlinga, skal rektor og heimen kontaktast  
            og ta del i det vidare arbeidet.
   
11. Når ein elev/elevar øydelegg ting, knuser ruter o.l   er eleven/elevane ansvarleg(e) for ein eigenandel på inntil kr.1000 .     Jmf: Lov om skadeerstatning § 1.1 og § 1.2.
 
 
             Dersom fleire er saman om skaden, deler dei kostnaden. Før det vert teke avgjerd
             om erstatning, skal eleven/elevane ha høve til å forklare seg munnleg for rektor,   
             som tek den endelege avgjerda. Foreldre/føresette skal varslast før vedtak vert
             sette i verk.
 
12. Ved brot på skulen sitt ordensreglement, kan følgjande tiltak setjast i verk:
- Tilsnakk frå lærar, rektor eller andre tilsette
- Melding heim
- Bortvising. Rektor kan vedta bortvising etter å ha rådført seg med læraren til
   eleven. Eleven skal ha høve til å forklare seg for rektor før bortvising.
   Elevar frå 1 – 7 blir bortviste for resten av dagen.          .
 
 
 
 
VER MOT ANDRE SLIK DU VIL AT DEI SKAL VERE MOT DEG!

 

  • Tips en venn
  • Skriv ut